Dynamisk Datasenter

Dynamisk Datasenter

  • med sentralisert IT-drift
  • hos din lokale IKT samarbeidspartner
  • sikkert, stabilt og forutsigbart

 

Fjordane IT er fylkets leiande leverandør av IT infrastrukturprodukt og tenester og har spisskompetanse på IKT og driftar dykkar IKT-system til faste og forutsigbare kostnader.

Fjordane IT har levert sentralisert IT drift sidan 2001, og har såleis lang erfaring med dette. I vårt dynamiske datasenter tilbyr vi både ASP, Hosting og Housing – populært kalla «private Cloud».

Vi legg stor vekt på sikkerheit, både fysisk sikring som straum, nødstraum, kjøling, tilgang, redundans på fiberaksessar og liknande. Og sjølvsagt datasikkerheit i form av prosedyrer, sikkerheitsløysingar, sikker lagring og backupsystem.

Alle er avhengig av gode og stabile IKT-løysingar for å kunne drive si verksemd i dag. Vi er ein lokal, trygg og seriøs leverandør som tilbyr gode og effektive løysingar, slik at våre kundar kan fokusere på sine kjerneområde.

 

Det er følgjande hovedprodukt som kan inngå i vår løysing:

1. Hosting og Housing / Datalagring
Vi tilbyr kundane våre å leige serverkapasitet, lagringsplass og aktuelle tenester i våre datasenter. Alternativt kan kunden sine serverløysingar plasserast i våre datasenter ved å leige plass og infrastruktur.

2. Microsoft Exchange: E-post, kontakter og kalendar
Komplett Exchange-løysing med fullt utbytte vha Outlook som lokalt klientprogram både frå kontoret eller på reise. Gir sikker og god informasjonsflyt i bedrifta, med tilgang fra PC, Mac, nettbrett, nettlesar eller mobiltelefon.

3. Microsoft SharePoint dokumentlagring
Vi tilbyr effektivt samarbeid og felles lagring av filer og dokument vha SharePoint Workspace som er implementert i vårt datasenter. Løysinga gir ma tilgang til SharePoint innhald frå Windows utforsker m.m.

4. Microsoft Lync
Lync er eit samarbeidsverktøy som gjer at kollegaer kan samarbeide nesten uansett kvar dei måtte vere, slik kan ein effektivisere kommunikasjon og samarbeid på tvers av organisasjonen.
Både organisasjonen og den enkelte medarbeider blir langt meir fleksibel, og Lync bidreg til å utnytte ressursane betre. Med Lync kan du: Ringe – også mot offentleg nett, chatte, få info om tilgjengelegheit, dele filer, holde presentasjonar, arrangere nettmøter, videomøter.

5. Sentrale fagsystem (kundespesifikke)
Døme slike system: Økonomi-, Løns-, CRM-, Sak/arkiv-, Web.-, Produksjonssystem
Vi har lang erfaring med ASP og hosting, og har levert fagsystem til kundar i lang tid. Dine applikasjonar blir gjort tilgjengeleg for dine brukarar på serverar i vårt datasenter. Vi tek ansvar for at dine data er tilgjengelege, sikre og konsistente. Kunde har sjølv lisensen til aktuell programvare, og eventuell leverandør av applikasjon kan få tilgang etter avtale.

 

Ta gjerne kontakt med en av seljarane hos oss for konkrete tilbud.